God forventingsavklaring om studieinnhald – kan det minske fråfallet?

Skrevet av Gunhild Sølvberg, rådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)

Norske utdanningsinstitusjonar knivar om å få ferske studentar til sine campusar og studieprogram. Nokre institusjonar må promotere seg sjølv meir enn andre, men felles for mange er uansett at institusjonane ofte legg mykje vekt på ikkje-faglege element i marknadsføringa: Storslått natur på studiestaden, gode fadderopplegg, populære underhaldningstilbod osv. Dette er element som sjølvsagt er viktige i studentkvardagen og vil bidra til om studenten trivst eller ei. Difor er det også naturleg at dei har ein plass i marknadsføringa. Utfordringa er å samtidig klare å formidle nok informasjon om innhaldet i studia. Klarer ein å skape riktige forventningar til studieinnhaldet, ligg mykje til rette for at ein student har eit godt bilde av kva som ventar i studiekvardagen når det gjeld alt frå undervisnings- og evalueringsformer, tal studiekompisar, til moglegheiter og krav til praksis, forsking og utveksling.

Det vil alltid vere studentar som ombestemmer seg undervegs i eit studieløp, og som av ulike grunnar vel å droppe eit studium. Det er naturleg. Samtidig må vi forsøke minske den delen av fråfallet som er negativ for den enkelte og for samfunnet. Med ei god forventningsavklaring og oppfølging som startar allereie før opptak, er det mindre fare for å miste studentar som sluttar fordi studiet ikkje var slik dei trudde det skulle vere.

Leiar av Studentparlamentet ved Dronning Mauds Minne Høgskole, Stian Kåsa stiller spørsmål ved rekrutteringa til utdanning generelt, og å inkludere fråfall i opptaksberekningane spesielt. Han hevdar at «utgangspunktet for en bedre barnehage starter med en god barnehagelærerutdanning som prioriterer kvalitet på innhold, ikke kvantitet på studenter». Dette kan overførast til andre fagfelt, og sjølv om årsakene til fråfall er svært samansette, er det nærliggande å tru at jo meir innsikt ein søkar har om studieinnhaldet han/ho er nysgjerrig på, jo meir sannsynleg er det at han/ho gjer eit riktig val når søknadsfristen nærmar seg.

Ifølgje forskning.no kom det i Tilstandsrapporten for høyere utdanning i 2016 fram at mykje av fråfallet i høgare utdanning er knytt til at studentane vel eit nytt studium. Dersom ein i større grad klarer å få studentane til å velje rett i første omgang, sparer ein den enkelte for mykje grubling og tid, og ein sparer tid og ressursar hos dei aktuelle institusjonane, både administrativt og fagleg. Ein har altså mykje å vinne på å gje god informasjon i forkant, både i form av marknadsføring, men også i kommunikasjon med søkar i fasen mellom søknad og opptak, der søkarar som er usikre på valet sitt kanskje tar kontakt med institusjonen. God oppfølging og rådgjeving allereie frå dette tidspunktet vil gjere søkarane sikrare og kjenne seg godt ivaretatt – noko som igjen vil ha ei positiv smitteeffekt for alt som skjer frå og med studiestart, om søkaren landar på å faktisk velje den aktuelle institusjonen.

Fordi ein uansett vil måtte rekne med noko fråfall, er det vanskeleg å sjå at institusjonane vil gå heilt bort frå å berekne «for mange» studentar i inntaket. Samtidig må det vere eit mål å lande på ei mest mogleg treffsikker berekning. Det vil fort kunne virke negativt inn på miljø og motivasjon om eit kull opplever stadig færre studentar på førelesningar og seminar gjennom semesteret. I forsøket på å nå eit slikt mål – treffsikre tal om opptak- , kjem vi tilbake til god informasjon om studieinnhald. Her kan institusjonane svare at emneomtalar ligg på nettsidene, men det er ikkje gitt at potensielle studentar set seg inn i desse. Vi kan vidare tenke at det er studentens ansvar -noko det jo er- men på same måte som studiestadene blir presentert på ein måte tilpassa målgruppa og kor dei er i «kjøpsprosessen», bør studieinnhaldet kunne presenterast slik at søkarane får ein god første presentasjon som lett leier dei vidare til oppdaterte studieplanar og emneomtalar.

Ein god og riktig presentasjon av mangfaldet av studia fordrar at dei som jobbar med marknadsføring har tett kontakt med dei ulike fagmiljøa, slik at framstillinga til ei kvar tid er oppdatert og gir eit riktig bilde av kva ein vil møte som student. Det gjeld uansett om presentasjonen er på nett, i brosjyrar eller blir gitt via ein studierepresentant på ei messe. Tette band til rådgjevarar i den vidaregåande skulen er også viktig, sidan dei ofte er nøkkelpersonar for elevar som forsøker finne fram i jungelen av moglegheiter.

Med god forventningsavklaring rundt studieinnhald i forkant av opptak og før semesterstart, vil alle som i ulike roller jobbar for eit godt fagleg og sosialt innhald etter semesterstart ha det beste utgangspunktet for vidare jobbing for høg studenttrivsel og minst mogleg fråfall.

Kjelder:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Hopp til verktøylinje