P3 – Gjennomstrøyming og fråfall ved Høgskulen på Vestlandet

Klokken 09:05-09:30, mandag 7. desember – presentasjon

Øystein Backelin, Høgskulen på Vestlandet

Øystein er rådgiver ved Avdeling for Utdanningskvalitet, campus Sogndal, HVL. Han jobber med utdanningskvalitet og læringsmiljø: Meldingssystemet Sei ifrå, pilotprosjekt mentorordning, lokale konferanser og utdanningskvalitetsprisen ved HVL.

Oppsummering

Se Powerpointen fra presentasjonen her.

Korleis og i kva grad skil HVL seg ut i høve til samanliknbare institusjonar når det gjeld gjennomstrøyming og fråfall? Med utgangspunkt i tilgjengeleg forsking på området har forfattarane sett på studiepoengproduksjonen og fråfall i HVL i høve til utdanningstype, kjønn, alder, karaktergrunnlag vidaregåande skule, reisetid og campus.

Kategori:

  • Statistikk og analyse
  • Evalueringer
  • Det helhetlige tilbudet

Abstract

I dette arbeidet er me opptekne av gjennomstrøyming og fråfall i utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet.

Me er opptekne av skilnader og variasjonar mellom HVL og andre universitet og høgskuler og internt ved HVL. Her ser me på skilnader og variasjonar mellom fakultet og utdanningstypar, mellom campusane og andre variablar som verkar inn. Me tek utgangspunkt i tilgjengeleg forsking på området, før me gjennomfører ein analyse basert på studentdata frå HVL.

Analysen understøttar i all hovudsak tidlegare forsking om at

  • kvinner har høgare studiepoengproduksjon enn menn,
  • auka alder ved opptak gir lågare studiepoengproduksjon
  • auka karaktergjennomsnitt frå vidaregåande skule gir høgre studiepoengproduksjon
  • nokre typar studium har lågare studiepoengproduksjon enn andre.

Me ser også på studentane sin busituasjon og finn at avstand studiestad-heimstad har signifikans, men låg effekt.

Me ser at Sogndal har ein positiv campuseffekt. Me tilrår derfor at HVL ser nærare på kva som er årsaka til dette, til dømes gjennom rekrutteringsundersøkinga retta mot nye studentar og oppfølginga av denne.

Hovedbudskap

Gjennomstrøyming og fråfall ved HVL har blitt analysert ut ifrå mellom anna utdanningstype, karaktergrunnlag og campus. Den syner ein positiv campuseffekt for ein av HVL sine fem campus, nemleg studiestaden Sogndal. Årsaka til denne positive campuseffekt treng meir undersøking, og kan ein sjå same campuseffekt ved liknande campusar andre stader i Norge?

Tilbake til konferansens hovedside

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.