Hilsen fra arrangøren av ISSOTL2018

hasaethre

 
 
 
 
 
Til deltagere i
Prosjektet: Kompetansedeling for studenters suksess i høyere utdanning
I oktober 2018 (24.-27) kjem den store internasjonale konferansen «International Society for the Scholarship of Teaching and Learning  ISSOTL2018: Toward a learning culture» til Noreg og Bergen. Dette er ein framifrå internasjonal konferanse  som typisk trekk til seg mellom 500 og 600 deltagarar frå heile verda. Konferansen samlar både læringsforskarar, undervisarar og andre som jobbar med undervising og læringsmiljø frå alle fagfelt. Temaet for årets konferanse er svært aktuelt for norsk høgare utdanning. Her er det mogeligheiter for norske universitetslærarar, utdanningsforskarar og studieadministrativt tilsette å dele erfaringar, og det er mogeligheiter for Noreg og norsk høgare utdanning å visa seg fram internasjonalt.
Sjølv om denne konferansen rettar seg mot undervisarar har eg sjølv erfaring med at denne konferansen er ein svært interessant arena og for dei som jobbar med studieadministrasjon, rettleiing, kvalitetssikring, frafallstiltak og tilrettelegging av læringsmiljø. Mange av bidraga har fokus på det som skjer I klasserommet, men det er og mange bidrag som handlar om det som vi jobbar med!
Invitasjonen til å delta og sende forslag til bidrag er går derfor og til dykk i nettverket, med håp om at de ønskjer å delta. Forslag til bidrag må sendast inn innan 1. april, og blir fagfellevurdert og valt på grunnlag av denne vurderinga. Dette gjer at bidraga blir godt kvalitetssikra, og at det er ekstra stas å bli antatt til konferansen!
Her finn de Call for proposals og relevant informasjon: http://www.issotl.com/issotl15/node/239
Om du er nysgjerrig på kva type bidrag som blir presentert på denne typen konferanse kan du sjå på fjorårets abstracts her: http://www.issotl.com/issotl15/node/175
 
Velkommen til Bergen i oktober!
 
Beste helsing
Oddfrid Førland
Co-chair ISSOTL2018
Rådgiver, Koordinator for Senter for framifrå utdanning i biologi – bioCEED